Merk: Modellen reknar som om fødselsrate, levealder og produktivitetsvekst held seg som no, med mindre du endrar dei. Over lang tid kan då BNP per innbyggar bli urealistisk høgt. Kurvene er difor ikkje ein prognose.
Trykk på namnet til ein glidebrytar for å sjå og velje tiltak som påverkar han.
Kva aldersgrupper som får barna. Totalen blir halden fast av glidebrytaren over.
Når du endrar desse, flyttar levealderen over seg.
Ei befolkningspyramide viser kor mange menn (til venstre) og kvinner (til høgre) som finst i kvar aldersgruppe. Dei yngste står nedst og dei eldste øvst. Den stipla ramma viser kva pyramiden såg ut ved start.
Forma blir bestemt av tre ting: kor mange barn som blir fødde (fødselsrate), kor lenge folk lever (levealder og dødelegheit), og kor gamle kvinner er når dei får første barn (snittalder for førstegongsfødande).
Under pyramiden viser grafen folketalet over tid. Den heile linja er det som har skjedd, den stipla linja er forventa utvikling, og den prikka grå linja viser utviklinga utan endringar frå start.
Hald peikaren over understreka ord for å sjå kva dei betyr.
Landa startar med folketalet og aldersfordelinga i 2026: Niger, India og Japan frå FN World Population Prospects 2024 (1. juli 2026), Noreg frå SSB (1.1.2026). Fødselsrate og levealder er avrunda: Niger, India og Japan frå FN sin prognose for 2026, Noreg frå SSB for 2025. Fødselsrata i Niger var 6,06 i 2023 og er venta å vere 5,6 i 2026 (FN). Nettomigrasjonen startar på dei nyaste tala: Noreg +22 300 (+0,40 %, SSB 2025), Japan +129 000 (+0,11 %), India −440 000 (−0,03 %) og Niger −11 000 (−0,04 %) (FN-prognose for 2026). I 2023 var tala Noreg +54 000, Japan +175 000 og India −979 000 (FN). For fasane under er aldersfordelinga modellert. Trykk på eit nøkkeltal for å sjå kjelda.
Vel ein fase for å starte med ei typisk befolkning frå den fasen.
Styrken seier kor hardt hendinga rammar. 1,0 er ei kraftig hending. Same skala gjeld for alle hendingar. Eksempel for pandemi/epidemi:
Modellen rammar mest spedbarn og eldre, så Spanskesjuka, som òg tok mange unge vaksne, er berre ei grov samanlikning.
Tiltak verkar ikkje med ein gong. Når du slår på eit tiltak, blir effekten fasa inn gradvis over fleire år (tida står ved kvart tiltak), og glidebrytarane for fødselsrate, levealder og alder for første barn flyttar seg litt for kvart år medan tida går. Slår du av eit tiltak, blir effekten fasa ut like gradvis. Tiltak som kostar pengar, kostar frå første året. Den stipla linja på grafen viser forventa utvikling med innfasinga medrekna. Forbod mot abort og prevensjon slår av dei tre siste vestlege tiltaka. Effektane og tidene er forenkla og omtrentlege.
Kostnaden til pensjon, barn og tiltak blir rekna som del av BNP. Går budsjettet frå balanse, kan du auke skatten, auke pensjonsalderen eller ta bort tiltak som kostar pengar. Då kan det gå ut over det tiltaket gjorde. Grønt tal er normalt, gult er høgt, og raudt er unormalt høgt (skattetrykk over 46 % og pensjonsalder over 70 år).
Løys oppgåvene med simuleringa til venstre. Bruk fana Avansert for oppgåver med land, tiltak og hendingar. Trykk på knappen under kvar oppgåve for å legge inn tala du har no. Svara blir lagra i nettlesaren din medan du jobbar.